Find partners
NETT NO - Podium

NETT NO - Podium

Hosted by NETT NO - Podium

Episodes

31

Latest episode

Apr 2025

Language

NN

About the show

Podium er NETT NO sin podkast om og for næringslivet på Sunnmøre og Nordfjord. Kvar episode vil ha to nye gjesta frå det regionale næringslivet som diskuterar aktuelle tema, leia av Olav Sindre Kriken, med-gründer av mediehuset NETT NO. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Listen to episodes

31 recent
April 30, 202533 min

Politisk thriller for næringslivet

Må næringslivet på Sunnmøre leve med skatt på arbeidande kapital? Ikkje om det vert regjeringsskifte, er det klåre løftet frå Høgretoppane Tina Bru og Peter Frølich. I Podium snakkar dei om korleis den globale uroa har påverka dei politiske utsiktane i Noreg før Stortingsvalet, kva som vil verte annerleis ved eit regjeringsskifte, og kvifor vi skal tru at dei borgerlege partia skal klare å finne fram til semje i viktige saker for næringslivet. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

April 24, 202538 min

Den store usikkerheten – lander sunnmørsk næringsliv på beina?

Kva skjer med sunnmørsk næringsliv i ei tid der den globale tryggleiken vert utfordra både frå aust og vest, og der børsane skjelv av skremmande tollmurar? Det var temaet på eit frokostseminar i Ålesund denne veka. Vi fortsatte samtalen med nokre av deltakarane i podkast-studio etterpå. Høyr kva viseadmira Louise Dedichen, First House sin politiske ekspert Ole Berget og dei lokale næringslivsleiarane Jan-Rune Dasøren i Metizoft og Torstein Heggstad i Maritime Partner tenkjer om situasjonen og tida fram mot Stortingsvalet i september. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

October 7, 202432 min

Ikkje sjokk, men mykje bekymring

Årets forslag til statsbudsjettet ga ikkje noko sjokk for næringslivet på Nordvestlandet. Men mange trekk gjev alvorleg grunn til bekymring, og fekk temperaturen opp hos ekspertane i studio. Høyr kva Kristin Clemet frå tankesmia Civita, styreleiar Gunnar Haagensen i Sjømat Norge og First House-partnar Jon Georg Dale har å seie i denne episoden av Podium.Podkasten er produsert av Gjenklang Studio. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

May 23, 202426 min

Går det egentlig betre med næringslivet på Sunnmøre?

Det går betre med næringslivet på Sunnmøre enn andre stader i landet. Det var hypotesa som vart undersøkt på eit næringslivsseminar i Ålesund nyleg. I Podium fortsatte vi diskusjonen med nokre av deltakarane på seminaret.Høyr kva regionbanksjef Jan Rune Hurlen i Sparebank 1 SMN, regiondirektør Lene Trude Solheim i NHO Møre og Romsdal og administrerande direktør Heidi Nakken i Næringsforeningen Ålesundregionen meiner om eigarskap, kunstig intelligens, kapitaltilgang og sunnmørsk kreativitet. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

April 26, 202423 min

Korleis kan reiselivet skape enda større verdiar?

Natur og arkitektur dreg turistar til Nordvestlandet. Korleis kan vi få dei til å bli lenger når dei kjem, og korleis kan reiselivet i regionen bli betre - slik at Sunnmøre vært enda meir attraktivt? Vi inviterte reiselivsaktørane Kjetil Aarseth i Atlanterhavsparken og hotelldirektør Camilla Espeseth på Hotel Brosundet til å snakke om dette og mykje anna. Og lurer du på om det ligg an til ny rekordsommar, får du vite det i denne episoden av Podium. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

April 5, 202431 min

Store fiskeriverdiar i spel

Kor mykje fisk skal vi hente opp av havet, og kven skal gjere det? No er regjeringa si kvotemelding til handsaming i Stortinget. Store verdiar er i spel, og endringar kan råke næringslivet på Nordvestlandet. Vi inviterte Janne-Grethe Strand Aasnæs frå Havstrand AS og Sveinung Flem frå Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag til studio. Bilde dei teiknar, er ikkje lysteleg. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

October 6, 202328 min

Slik skal GATH forsterke aquabransjens posisjon.

GATH er den sunnmørske tech hub’en som skal skape innovasjon i aquakultur og som skal gjere regionen attraktiv for kundar frå heile verda. Men korleis skal det skje? Vi inviterte dagleg leiar Bente Lund Jacobsen og styremedlem Harald Nesvik i Podium-studio på leiting etter svar.Produsent Gjenklangsttudio.no Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

June 23, 202326 min

Hva skal til for å lukkast som gründer?

Nokre gründerar lukkast med å omsette gode idéar til kommersiell suksess. Men vegen dit er tung og krevjande, og ikkje alle lukkast. Kva er oppskrifta for å treffe blink som gründer? Og korleis påverkar global og lokal uro kvardagen i oppstartsverksemder? Høyr kva som skjedde da vi inviterte Stian Bang (Avento og Parkly) og Kari-Elin Kornes Hildre (Inseanergy) til studio.Produsert av Gjenklangstudio.no Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

June 1, 202323 min

Jakta på kompetansen - kva kan gjerast for å sikre næringslivet i nordvest folka dei treng?

Næringslivet treng ikkje berre folk med mastergrad og teoretisk kunnskap. Vi treng også dei flinke fagfolka og handverkarane. Kva kan gjerast for å sikre næringslivet i nordvest folka dei treng? Vi inviterte Ole Andreas Holm i Marint Kompetansesenter og ekspert på HR og leiing, Lene Flem Debess, i studio for å snakke om lærlingar, rekruttering og framtidas kompetansebehov.Programleiarar er Ingvild Vartdal og Hans-Christan Vadseth. Produsert av Jan Ivar Wolstad for Gjenklangoslo.no Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

May 11, 202335 min

Gapet mellom politikk og sunnmørsk næringsliv - kva kan gjerast?

Kva er det politikarane ikke skjøner om sunnmørsk næringsliv, og kva må næringslivet forstå om politikk? Høyr kva First House-partner Tor Mikke Wara og styreleder Anne Breiby i Tafjord Kraft tenkjer må til. I denne utgåva av Podium spør vi også ekspertane Ivan Alver og Jan Petter Hagen korleis krig og uro har endra investornarknaden. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Is this your show?

Claim this listing to keep it up to date, reach guests who want to pitch you, and manage bookings with Guestify.

Claim this listing

More Business podcasts